onsdag 18. november 2009

When two becomes one....!

No sit eg altså her aleine ( det er jo litt feil å sei sidan både eg, Lotte og Annemarte er her) på flyplassen i Singapore, utan frøken Sande. Dette var jo absolutt ikkje ein del av planen vår. For i dag den 18.november skulle me byrja på turen vår til Thailand. Meeeen dette syntes ikkje legen til Anniken  (eller kroppen til hennar) var særlig kult, så dei fant då ut at EIN dag før avreise var ein flott dag å finna ut at betennelse på mandlane er tingen som kan hindre ei reise. Dette var ein strek i rekninga, iallefall sidan me ikkje hadde noko plan B klar dersom noko skulle gå gale.. Og eg som lo av mamma og pappa når dei meinte at dette kanskje kunne vera ein lurt, kven viste no at Anniken med stålhelsa skulle bli slått ut. Ein skikkelig knockout! 

Sånn gjekk det no. Anniken er igjen i Brisbane og me andre er på veg til Thailand, as we speak. Men me satsar på at ordtaket stemmer, alt ordnar seg for snille jenter og at den siste delen av reisefølget klarar å hoppe på eit fly og joine oss i Bangkok. Slik at det vert både Kambodsja, Vietnam og Bali på oss alle... Men dette går nok bra, og ho vert tatt godt vare på i Brissie. Luringen har lurt seg innpå eit seksmannsrom med fem guttar (alle i klassen vår då men.. ) så etter alt å døme så tek ho det nok ikkje så tungt.. Ho har blitt plomma i egget!

Men altså, nå er tida vår i Brisbane ferdig. Eigentleg tida vår i Australia, gulp. Må nok sei at eg ikkje syntes eg var heilt ferdig down under. Har ikkje vore i Steve Erwin sin zoo eingong, eller holdt koala'ar ( noko MANGE andre har gjort, så eg er litt misunnlig). Men sånn kan det gå nåer ein absolutt skal til thailand, kambodsja, vietnam, bali og singapore. Kvalmt seier du? JA! Det er ikkje den verste førjulstida ein kan få. Og det å komme i julemood vert heller ikkje eit problem, for folk tar heilt av med pyntinga her! PÅ flyplassen har dei pynta med gigantiske julekuler som er større enn hus. Tru det eller ei, eg har bilder men får dei ikkje ut.

Men dette er eigentleg ein blogg om ingenting, sidan eg har type ti(!!) timar å slå ihjel på denne flyplassen, og har blitt nekta å kjøpe noko som helst sidan me ikkje har bordingnr. Dette har me ikkje fordi me har ikkje gått igjennom immagration eller gått ut av ankomsthallen. Me berre henger her, utan bagasjen vår. Som me absolutt håpar er på lost and found i måro klokka halv fem. Om morningen. Om det er lurt er ein heilt anna sak, men dei i immigration syntes det var ein veldig lur tinge, og såg helst at me gjekk på både kino, hang på internett og fekk fotmassasje: " Very good girls, very goooooood."  For å komme med ein siste ting her, så vert det ein liten beskjed til Sande ( sidan min aust. mobil ikkje funkar meir, og eg ikkje har norsk simkort enda): Har sendt melding til deg i dag, men du har sikkert ikkje fått den.. Uansett går no over til norsk nr. dersom det er noko.. Ver lur no og bli frisk! For det er ikkje greit å vera geit. Especially since you are a biiiird! Kyskys

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar