onsdag 25. november 2009

Finn tre feil i Pattay: Lotte, Annemarte og Malene

No sit eg på eit hotellrom i Thailand, nærare bestemt Pattaya. Her bur det berre halvgamle lugubre austeuropeiske menn og tre norske jenter som trur dei har misforstått litt kvar ein skal feriera i Thailand.  For etter litt googling den fyrste kvelden, så fann me ut at me var hamna i The Red Light District. Å jada  

"The hoooood"

Me fekk jo også eit par pointers då me var ute for å eta middag og  majoriteten av par på restauranten bestod av ein eldre europeisk mann og ein ung Thaigut… Men dette gjorde det jo litt lettare for oss å sitte inne å jobbe med oppgåva som skal leverast om ikkje så lenge…. 



Men no er me heldigvis snart ferdig med denne plassen, for i morgon vender me nasa mot Bangkok og sivilisasjonen ( viss ein kan kalle det det). Her skal me tilbringe ein dag og ei natt før me hiv oss på bussen og humpar av garde til Kambodsja. Og glad nyheita her er då at Anniken er blitt bra, og skal møte oss i Bangkok. Så alt blir flottflott. I tillegg har Jonas bestemt seg for å slenge seg på resten av turen vår, og skal difor stå klar med lånt moped klar, og følgje bussen vår på landevegane i Kambodsja som ei fluge fylgjer smørklatt ( eller noko i den duren).  Til glede for både ein og to foreldre…

Turen til Kambodsja tek ti dagar, altso ti dagar med buss for nokon som vert bilsjuk.. På humpete kambodsjavegar . Det kan jo bli ei oppleving i seg sjølv.. Men det går nok så bra så.. Kan kanskje bli nokre historier av det også, for tydeligvis så er denne turen plassen der alle slike rare og litt kinkige situasjonar skjer. Dette må sjølvsagt bli skrivi ned som ei punktvis liste ved ein seinare anledning, sidan lister på ingen måte er feil….








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar