
onsdag 25. november 2009
We ♥ Brisbane

Finn tre feil i Pattay: Lotte, Annemarte og Malene
Me fekk jo også eit par pointers då me var ute for å eta middag og majoriteten av par på restauranten bestod av ein eldre europeisk mann og ein ung Thaigut… Men dette gjorde det jo litt lettare for oss å sitte inne å jobbe med oppgåva som skal leverast om ikkje så lenge….
Men no er me heldigvis snart ferdig med denne plassen, for i morgon vender me nasa mot Bangkok og sivilisasjonen ( viss ein kan kalle det det). Her skal me tilbringe ein dag og ei natt før me hiv oss på bussen og humpar av garde til Kambodsja. Og glad nyheita her er då at Anniken er blitt bra, og skal møte oss i Bangkok. Så alt blir flottflott. I tillegg har Jonas bestemt seg for å slenge seg på resten av turen vår, og skal difor stå klar med lånt moped klar, og følgje bussen vår på landevegane i Kambodsja som ei fluge fylgjer smørklatt ( eller noko i den duren). Til glede for både ein og to foreldre…
Turen til Kambodsja tek ti dagar, altso ti dagar med buss for nokon som vert bilsjuk.. På humpete kambodsjavegar . Det kan jo bli ei oppleving i seg sjølv.. Men det går nok så bra så.. Kan kanskje bli nokre historier av det også, for tydeligvis så er denne turen plassen der alle slike rare og litt kinkige situasjonar skjer. Dette må sjølvsagt bli skrivi ned som ei punktvis liste ved ein seinare anledning, sidan lister på ingen måte er feil….
onsdag 18. november 2009
When two becomes one....!
onsdag 11. november 2009
S to the Y to the D to the NEY
- Såg opra i oprahuset ( klisje? JA! men framleis veldig skøy, sjølv om me endte opp med ståplassar heilt bakerst saman med to andre litt malplasserte turistar).
- Gjekk over brua ( dette er då ikkje ei kalla som helst bru, det er ei veldig fin bru! Og me har då utvikla ein liten fasinasjon for bruer, for den i Brisbane er også veldig flott. Skummelt)
- Var i Summer Bay ( dessverre ingen innspeling denne dagen, men sol og vår eigen innspeling av såpeopra fann stad) Her feira me bursdagen til Lotte som vart 21 år! Hurra hurra hurra!
- Bysjåing ( dette gjorde me maaaasse av......)
- Var ute på byn, og det var absolutt ikkje feil
- Såg dei ti fyrste minuttane av Whip it ( dette var då dei fyrste ti minuttane før me fann ut at ingen med sine fulle fem sit i ein kinosal på ein laurdagskveld når dei befinner seg i Sydney. Me gjekk veldig kjappt etter dette) .
- Var på Blue Mountain ( Flott og fint, kjempe altso)
- Marknad i Paddington



