Som alle andre turistar så er det obligatorisk å vitja Oprahuset, noko me sjølvsagt gjorde!
Me var då ein liten gjeng på rundt 20( ca/kanskje), som stakk frå varmen i Brisbane til den litt kaldare nesten hovudstaden. Anniken var ein av dei som hadde holdt på med aktiv jakt etter Backpackerbustad før me reiste, og valet hadde stått
mellom Sugarshack og Funkhouse. Personlig så hadde me eit sterkt ynskje om å bu på sugarshack, sidan namnet tiltrakk oss og bilder av hjertesenger med raud fløyselslaken var festa på netthinna. Men dette ville då sjokkerande nok ingen andre. Me endte då opp på Funkhouse, som plassert i byens litt lugubre strøk. Etter å ha gått heim aleine, to jenter, ein kveld fann me ut at dette ikkje var tingen. Men backpacke
rbustaden vår var flott flott, og me endte opp på Beatles rommet. Boojaa!
Fyrste dagen gjekk som den burde gå, seightseeing og litt butikksjåing ( tru da eller ei, så har ingen av oss vert i ein by før der me har handla mindre! Sjølv om det var maaaaange butikkar som var midt i blinken). Det little reisefølget vårt knippsa fleire bilder enn eit busslass med japansketuristar.
To av dei mest iherdige.....
Men dagane dei gjekk som eit oljalyn medan me var i Sydney! Ein så fin by skal ein leita lenge etter, og me må nok sei at me har lagt vår elsk på den. Men viss me no skal ta ein litt kjapp oppsummering av tida der så var dette litt av det me gjorde:
- Såg opra i oprahuset ( klisje? JA! men framleis veldig skøy, sjølv om me endte opp med ståplassar heilt bakerst saman med to andre litt malplasserte turistar).
- Gjekk over brua ( dette er då ikkje ei kalla som helst bru, det er ei veldig fin bru! Og me har då utvikla ein liten fasinasjon for bruer, for den i Brisbane er også veldig flott. Skummelt)
- Var i Summer Bay ( dessverre ingen innspeling denne dagen, men sol og vår eigen innspeling av såpeopra fann stad) Her feira me bursdagen til Lotte som vart 21 år! Hurra hurra hurra!
- Bysjåing ( dette gjorde me maaaasse av......)
- Var ute på byn, og det var absolutt ikkje feil
- Såg dei ti fyrste minuttane av Whip it ( dette var då dei fyrste ti minuttane før me fann ut at ingen med sine fulle fem sit i ein kinosal på ein laurdagskveld når dei befinner seg i Sydney. Me gjekk veldig kjappt etter dette) .
- Var på Blue Mountain ( Flott og fint, kjempe altso)
- Marknad i Paddington
Kjem ikkje på så mykje meir akkuratt no, sidan då dette skjedde for ei lita stund sidan. Dersom dykk ikkje har merka det, så er me aldri heilt i tråd med tida når det kjem til hendingar
og blogginnlegg (sjokk). Men alle var enige om at det hadde vert ein fin tur.....!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar